Løyve til Elneselva kraftverk

NVE gjev Fjellkraft Produksjon AS løyve til å bygge Elsneselva kraftverk i Storfjord kommune i Troms. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 12,2 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til 610 husstandar.

Etter dei omarbeida planane vil kraftverket nytte ei fallhøgde på rundt 180 meter og endre naturleg vassføring på den utbygde elvestrekninga. Vatnet skal førast i nedgrave røyr mellom inntak og kraftstasjon.

Kraftverksutbygginga ligg nær dei villmarksprega områda i Elsnesdalen/Stordalen der det er reindrift. Område nyttast til friluftsliv. Det er ikkje påvist verdifulle naturtypar eller raudlista artar knytt til elva som har sjøgåande og stedeigen røye.

NVE meiner at krav til utforminga av anlegget og slipp av sesongtilpassa minstevassføring heile året er avbøtande tiltak som gjer utbygginga tilrådeleg.

NVE meiner fordelane i høve til dei allmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Elsneselva kraftverk på fastsette vilkår.