Stort engasjement for bustadpolitikken

- Eg vonar det bustadpolitiske arbeidet blir styrka over heile landet, og ser fram til å få mange gode innspel til bustadpolitikken.

Eg set stor pris på engasjementet til dei som skal vere med i råda, sa statsråd Liv Signe Navarsete då ho 21.06.11 samla Husbanken sine nye regionale råd for fyrste gong.

Dei nye råda kjem i staden for dei gamle regionale Husbankstyra som blei avvikla i 2010. Råda blir viktige aktørar for å medverke til god samordning av bustadpolitikken mellom stat, kommune og private. Det er Husbanken som gjennomfører den statlege bustadpolitikken. Husbanken forvaltar økonomiske verkemiddel som bustøtte, tilskott og lån.

- For å utnytte dei bustadpolitiske verkemidla effektivt, må Husbanken samarbeide aktivt med kommunar, byggjebransje og andre velferdsaktørar, difor har eg sett ned eit råd for kvart av dei seks regionkontora til Husbanken, seier Navarsete.

Råda skal vere bindeledd overfor samfunnet, og særskild overfor kommunane. Råda skal dessutan ha eit årleg møte med Kommunal- og regionaldepartementet for å diskutere bustadpolitiske spørsmål og gje innspel til korleis den sentrale bustadpolitikken kan bli utforma og gjennomført.

Statsråd Navarsete har oppnemnd følgjande til råda for regionkontora til Husbanken:

Region Hammerfest:
Geir Sagelv, Nordreisa – leiar, sjølvstendig næringsdrivande

Gunhild Johansen, Tromsø, varaordførar

Eva Husby, Hasvik, ordførar

Kristina Hansen, Nordkapp, ordførar

Frank Ingilæ, Tana, ordførar.

Region Bodø:
Hild Marit Olsen, Bodø – leiar, kommunepolitikar

Siv Anita Brekke, Fauske, kommunepolitikar

Edmund Dahle, Sømna, ordførar

Kjell Børge-Freiberg, Hadsel, ordførar

Johnny Finstad, Vestvågøy, ordførar.

Region Midt-Norge:
Marit Voll Skrove, Verdal – leiar, kommunepolitikar

John Ole Aspli, Rindal, ordførar

Bjørn Tømmerdal, Ålesund, ordførar

Sissel Trønsdal, Trondheim, kommunalråd

Robert Svarva, Levanger, ordførar.

Region vest:
Lisbeth Iversen, Bergen – leiar, byrådsmedlem

Jenny Følling, Gaular, ordførar

Petter Steen, Haugesund, ordførar

Solveig Malene Borgersen, Sandnes, kommunepolitikar

Odd Kristian Reme, Stavanger, kommunalråd.

Region sør:
Tore Opdal Hansen, Drammen – leiar, ordførar

Mette Gundersen, Kristiansand, varaordførar

Thorild Brandsdal, Vennesla, ordførar

Arne Thomassen, Lillesand, ordførar

Rolf Erling Andersen, Skien, ordførar.

Region øst:
Stian Berger Røsland, Oslo – leiar, byrådleiar

Anita Ihle Steen, Ringsaker, ordførar

Arve Bones, Kongsvinger, ordførar

Ole Haabet, Kråkerøy, Fylkesordførar Østfold

Eva Kristin Andersen, Fredrikstad, ordførar