Første steg mot rassikker fv. 60 opna

17. juni tok trafikantane i bruk heile første byggesteget i rassikringa av fv. 60 mellom Røyr og Hellesylt.

Fylkesordførar Olav Bratland opna den forlenga og rehabiliterte Streketunnelen. Dermed er heile første byggesteget opent for trafikk.

Det er bygd om lag 1200 meter ny tunnel og 700 meter eksisterande Streketunnel er utvida og oppgradert: Vegen er senka, tunnelen er sikra, det er sett opp ny sikring mot vatn og frost og montert heilt nye elektriske installasjonar. Heile tunnelen har fått nytt sikkerheitsutstyr, som til dømes naudtelefonar og brannslokkingsapparat. Disse har direkte kopling mot Statens vegvesen sin vegtrafikksentral.

I tillegg er det bygt en 650 meter lang rasvoll i Herdalen og veg og nytt kryss ned til Hellesylt. Prislappen er 228 millionar kroner.

– ¬Vi vil takke trafikantane for tålmodet dei har synt når vegen har vore nattestengt og i dårleg stand i byggetida. Ulempene vil ikkje vere like store medan vi arbeider med andre byggesteget, seier prosjektleiar Oddbjørn Pladsen i Statens vegvesen.

Arbeidet med andre byggesteg er allereie i gang. Streketunnelen skal forlengast 1850 meter opp til Ljøen. Her blir det om lag 600 meter ny veg og ei ny 56 meter lang bru over Ljøelva. Under brua blir det bygt eit utsiktspunkt mot Geirangerfjorden som kjem til å bli ein attraksjon i området. Rasvollane i Herdalen skal og ferdigstillast. Andre byggesteg sikrar trafikantane mot åtte registrerte rasløp og skal stå ferdig til hausten 2013. Kostnadsoverslaget er på 250 millionar kroner.

– Per Røyrhus AS er i full gang med å sprenge og sikre fjellskjeringar og forskjeringa på Ljøen. Vi håpar å skrive kontrakten på hovudentreprisen i august, og at byggestarten på denne blir i oktober, fortel prosjektleiaren.

Statens vegvesen rassikrar fv. 60 Røyr-Hellesylt på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Entreprenørar på første byggesteg har vore Lars Kveen AS (vegar og forskjering sør mot Hellesylt), NCC Constructions AS (ny og rehabilitert Streketunnel, diverse vegar), Traffic Solutions AS (elektro), Vifter og Miljø AS (levering av ventilatorar) og TC Connect AS (radio og kommunikasjon).