Betonmast signerte Stettetunnelen

Statens vegvesen og entreprenør Betonmast Anlegg AS signerte kontrakt på fv. 661 Stettetunnelen med tilhøyrande vegar 1. juni

Kontrakten som Betonmast Anlegg no har signert, har ein verdi på 58 millionar kroner. Det er den største enkeltkontrakten til no for Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Vi er kjempenøgde med å komme i gang med denne etappen på Straumsbruprosjektet før ferien, seier Statens vegvesen sin byggeleiar Ingar Walbø.

- Denne kontrakten passar godt for oss, sidan vi no er ferdige med tunneldriving gjennom Gjemnesaksla på Stor-Krifast, seier prosjektleiar i Betonmast Tormod Stigen.

Han fortel at dei enno ikkje har bestemt underleverandørane bortsett frå Tunnelteknikk, som er dotterselskap i Betonmast-konsernet.

Entreprenøren vil starte bygginga midt i juni. Dersom alt går etter planen kan bygging av brua og driving av Stettetunnelen starte opp i slutten av august. Tunneldrivinga kan då vere ferdig i haust. Heile prosjektet skal ferdigstillast til 1. september 2012.

Statens vegvesen gjennomfører prosjektet på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune.