Ferdigstiller hamneprosjekt som er i gang

- Kystverket skal i 2005 prioritere å sluttføre igangsette prosjekt. Det dreiar seg om tre fiskerihamner og tre farleiprosjekt, og det vil ikkje bli sett i gang nye prosjekt i 2005, seier fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen.

I Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er det sett av om lag 179 millionar kroner til statleg utbygging av hamner og farleier i 2005. Kystverket vil i 2005 legge fram eit handlingsprogram for oppfølging av Nasjonal transportplan 2006 2015. I dette handlingsprogrammet kjem det framlegg om investeringar i nye fiskerihamner og farleier for perioden 2006 2015. Dei tre hamneanlegga som etter planen skal ferdigstillast kommande år er Lovund hamn, Vadsø hamn og Kuøya hamn på Hitra. Dei tre prioriterte farleiprosjekta er utdjupingsarbeid i Svelvikstraumen og Drøbaksundet og oppmerking i Tjeldsundet. Utdjupingsarbeidet i Drøbaksundet skal fullførast i 2005 og farleia blir oppmerka i 2006. I tillegg vert det i 2005 betalt ut tilskot til kommunale fiskerihamneanlegg for inntil 59 millionar kroner. Dette er pengar det er gitt tilsegn om tidlegare. Dessutan vert det i budsjettframlegget gitt tilsegn om nye tilskot til kommunale fiskerihamner for i alt 18,5 millionar kroner. Det gjeld til saman 15 anlegg og pengane vil bli utbetalte i 2006.