Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at det i statsråd fredag er gjort framlegg om delvis bompengefinansiering av Fosenpakka i Sør- og Nord-Trøndelag.
Fosenpakka omfattar tre delpakker fordelt på 17 ulike fylkesvegprosjekt, som lokale styresmakter har sett i prioritert rekkjefølgje. Alle prosjekta ligg på Fosenhalvøya, med unntak av delprosjektet fylkesveg 710 Ingdal – Valset, som ligg i Agdenes kommune. Fire prosjekt ligg heilt eller delvis i Nord-Trøndelag, resten ligg i Sør-Trøndelag.
Kostnadsoverslaget for prosjekt og tiltak i heile Fosenpakka er på om lag 1,7 milliardar kroner. Samla kostnadsoverslag for delpakke 1 og 2 er om lag 1,3 milliardar kroner.
I tråd med vedtak frå lokale styresmakter skal Fosenpakka finansierast ved ein kombinasjon av fylkeskommunale midlar og bompengar.
Innkrevjinga av bompengar skal skje i dei to ferjesambanda Brekstad – Valset og Flakk – Rørvik. I tillegg blir det ein bomstasjon ved fylkesveg 715 ved Krinsvatn, sør for krysset mellom fylkesveg 710 og 715 i Rissa kommune.
I forslaget til bompengeopplegg som det er lokalpolitisk tilslutning til, er det lagt opp til finansiering av prosjekt og tiltak innanfor delpakke 1 og 2. Oppstart av prosjekt innanfor delpakke 3 krev i utgangspunktet ny lokalpolitisk handsaming, slik at fylkeskommunane kan setja av naudsynte fylkeskommunale midlar.
Desse prosjekta er omfatta av Fosenpakka:
Delpakke 1 (prioritet 1 – 5)
• Fylkesveg 717 Sund – Bradden
• Fylkesveg 715 Vanvikan – Olsøy, fylkesveg 715 Keiseråslia – Olsøy (Kråkmo) og fylkesveg 715 Vanvikbakkene. Ny fylkesveg 715 vil følgja dagens fylkesveg aust for Storevatnet.
• Fylkesveg 710 Ingdal – Valset
• Fylkesveg 715 Rørvik
Delpakke 2 (prioritet 6 – 12)
• Fylkesveg 715 Rørvik – Vanvikan
• Fylkesveg 715 Olsøybakkene
• Fylkesveg 715 Haugsdalen – Rødsjø
• Fylkesveg 715 Rødsjø – Krinsvatn
• Fylkesveg 715 Bru over Krinsvatn
• Fylkesveg 717 Bradden – Stadsbygd – Rørvik
• Fylkesveg Krinsvatn – Årnes
Delpakke 3 (prioritet 13 – 17)
• Fylkesveg 710 Brekstad – Botngård
• Fylkesveg 710 Botngård – Krinsvatn
• Fylkesveg 715 Reppkleiv – Årgård
• Fylkesveg 14 Roan – Reppkleiv
• Fylkesveg 193 Verrabotn – Meltingen.
- Nøkkelord
- Anlegg