Nei til to småkraftverk i Odda

NVE seier nei til bygging av Mjølåna og Tufteelva kraftverk i Odda kommune i Hordaland. NVE meiner at skadane og ulempene for de allmenne interessene er større enn fordelane ved kraftverka.

Røldal Miljøkraft SUS har søkt NVE om løyve til å nytta vassfalla i Mjølåna og Tufteelva i Odda kommune. Kraftverka hadde ein planlagt installert effekt på inntil 1,75 MW og 7,5 MW etter søknadens hovudalternativ. Berekna årleg produksjon for dei to kraftverka blei då berekna til 6,2 GWh (Mjølåna) og 35,6 GWh (Tufteelva med driftsvassføring frå Mjølåna), noko som til saman svarar til straumbruken til om lag 2090 husstandar.

NVE sitt avslag bygger på dei negative konsekvensane endra vassføring og tekniske inngrep kan medføre for biologisk mangfald, landskapsbiletet og samla belastning.

Tiltaksområdet har stor verdi for frilufts- og landskapsverdiar og er lokalisert i eit område som er lett tilgjengeleg samstundes som det er fri for moderne kulturpåverknad. Etter NVE sin meining vil dei planlagde inngrepa og ei redusert vassføring vere negativt for oppleving av urørt natur og for dei viktege naturtypane bekkekløft og fossesprøytsone.

NVE vurderar at ei utbygging av desse vassdraga ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser, og gir difor ikkje løyve til bygging av Mjølåna og Tufteelva kraftverk.