Ny bru over Dolmsundet

Staten skal gå inn med eit tilskott på til saman 100 millionar kroner til bygging av ny bru over Dolmsundet i Hitra kommune i Sør-Trøndelag.

- Handsaminga av reguleringsplanen for dette fylkesvegprosjektet har vore svært spesiell. Miljøverndepartementet avslo først eit alternativ med høgbru over Dolmsundet. Om lag ti år seinare blei også alternativet med bru ved Vetlastraumen avslått, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Ved handsaminga av reguleringsplanen for bygging av ny bru over Dolmsundet ved sida av eksisterande bru ved Vettstraumen og ny veg over Dolmøya sommaren 2009, blei det avdekt at eit hubropar hekka tett inntil den tilrådde traseen over Dolmøya. Tre ornitologiske foreiningar fremja derfor motsegn til planen, og Miljøverndepartementet tok over som klageinstans.

- Sommaren 2010 blei det avklart at den regulerte traseen måtte fråfallast. Dermed stod ein att med den opphavlege løysinga med høgbru over Dolmsundet, noko som er ei vesentleg dyrare løysing. I mellomtida var riksvegen omgjort til fylkesveg. Staten har difor no eit ansvar for å bidra til ei løysing for bygging av ny bru over Dolmsundet, seier samferdselsministeren.

I det statlege tilskottet på 100 millionar kroner er det rekna inn 20 millionar kroner som alt er gitt gjennom forvaltningsreforma og rammetilskott til fylkeskommunane.

Ved at staten no går inn med til saman 100 millionar kroner har ein tatt omsyn til det spesielle ved at forvaltningsreforma omgjorde denne vegen frå riksveg til fylkesveg frå 1. januar 2010, og at vedtaket om anna og dyrare traseløysing skjedde først etter at forvaltningsreforma var gjennomførd.

Prosjektet er no rekna å kosta i alt 240 millionar kroner. Utbygginga skal finansierast ved ein kombinasjon av statleg tilskott, bompengebidrag, fylkeskommunalt bidrag og lokale tilskott. Dette går det fram av ei orientering i ein proposisjon om ein del saker på området til Samferdselsdepartementet. Proposisjonen blei lagd fram i statsråd i dag.