Varsler oppstart på Trondheim stasjon

- Eg er svært glad for at arbeidet med å utbetra plattformer og tilkomstar ved Trondheim jernbanestasjon kan ta til i år, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Dette inneber at langt fleire på ein enklare måte kan ferdast til og frå Trondheim jernbanestasjon, seier Kleppa.

Detaljplanen for prosjektet er no ferdig, og prosjektet har ei kostnadsramme på 160 millionar kroner. Innanfor tidlegare vedteke investeringsbudsjett for 2011 er det sett av 20 millionar kroner til oppstart av prosjektet i år. Jernbaneverket tek sikte på byggjestart i haust. Utbetringane blir gjennomførte for å følgja opp Statens jernbanetilsyns dispensasjon frå tryggleiksforskrifta, går det fram av eit forslag som ble lagd fram i statsråd i dag.