Time vil bruka moms-smutthol

Time kommunen vil ta i bruk eit smutthol som gjer at også private utbyggjarar kan få tilbake momsen ved bygging av veg, vatn- og avløpsanlegg, skriv Jærbladet.

Sandnes var den første kommunen som gjekk inn på dette. No kjem me, og eg reknar med at også andre kommunar kjem til å hengja seg på når dei blir klar over dette, seier rådmann Brit Nilsson Edland. I Time er saka komen på banen i samband med utbygginga av rundkjøringar og fotgjengarundergang ved M 44, kjøpesenteret i Nedremarka. Også andre utbyggjarar har meldt interesse for at kommunen går inn på slike avtalar, opplyser kommunalsjef Bjørn Meling. Det er konsulentfirmaet Pricewaterhouse Coopers som har utforma avtalen, og det er stadfesta av Skattedirektoratet at det går an å gjera det på denne måten. Får tilbake moms Næringsdrivande får frådrag for moms på det dei kjøper inn som kan knyttast til produksjonen eller det bedrifta omset. Ein kommune får frådrag for moms dei betalar i samband med bygging av kommunaltekniske anlegg, som veg, vatn og avløp, fordi dei «sel» tenester knytte til dette. Private bedrifter får ikkje frådrag for denne momsen, fordi dei ikkje sel slike tenester. Men dersom fakturaen går frå entreprenør til kommune, og utbyggjaren refunderer kommunen sine utgifter, får den private utbyggjaren frådrag for momsen. Føresetnaden er at det er ein avtale mellom kommunen og utbyggjaren om at den private utbyggjaren skal administrera utbygginga på vegne av kommunen. I Time er det heilt vanleg at private står for utbygging av offentleg infrastruktur som veg, vatn og kloakk ved store utbyggingar. Dette blir ordna gjennom utbyggingsavtalar, der dei offentlege i anleggga blir overført i kommunen si eige etter at dei er ferdige. Av og til betalar Time kommune inn ein kontantsum, dersom det er snakk om store prosjekt som er viktige også for kommunen. I Nedremarka har til dømes kommunen gått inn med 600.000 kroner i kontanttilskot. Av og til må utbyggjaren ta heile kostnaden sjølv, og leggja utgifta på tomteprisen eller leigeprisen. Politisk ja Saka blei lagd på bordet til plan- og økonomikomiteen tirsdag, som ei ekstrasak. Ein samrøystes komite gjekk inn for rådmannen sitt forslag om å innføra slike avtalar. Dei gav også grønt lys for at administrasjonen allereie no kan inngå avtalar - med atterhald om endeleg godkjenning av ordninga i kommunestyret 9. november. I saksførelegget skriv rådmannen at det kan stillast spørsmål ved om ordninga inneber avgiftsplanlegging og ei omgåing av regelverket. Det meiner ho ikkje er tilfelle. Ho viser mellom anna til at Rogaland fylkesskattekontor har slått fast at dagens regelverk gjev uheldige verknader, ved at private utbyggjarar får dårlegare konkurranseforhold enn det offentlege. Time kommune kjem til å ta to prosent av kontraktssummen for å dekkja sine utgifter til å administrera avtalane. I tillegg kjem ein eventuell gevinst ved at kontanttilskotet til store prosjekt kan bli lågare, i og med at utbyggjar slepp billegare frå. Denne artikkelen er hentet fra www.jbl.no