No kan du køyre over Hardangerbrua

Bygginga av Hardangerbrua er godt halvvegs i mai 2011, men animasjonsfilmen med køyretur over brua er ferdig.

Arbeidet med Hardangerbrua starta 26. februar 2009, med sprenging av første salve på gang- og sykkelvegtunnelen i Vallavik. Tilførselsvegane med tunnelar på båe sider av fjorden er ferdige – no er det elektroarbeidet som blir neste etappe, melder vegvesen.no.

Tårna snart klare
I desse dagar pågår siste innspurt på bygging av brutårna på Bu og i Vallavik, der dei 15 meter høge tårnhusa vil bli avdekka, med den spesielle spisse tårntoppen opp mot 202,5 meters høgd over fjorden.

Utover sommaren blir det bygd arbeidsplattform i fjordspennet mellom tårna, også kalla catwalk. Deretter blir det kabelspinning utover hausten 2011.

Bil og helikopter
Det er stor interesse for bruarbeidet både lokalt, nasjonalt og utanlands. Statens vegvesen har sidan i haust arbeidd med å få til ei endå betre visualisering av den ferdige brua. No ligg det føre ein kortfilm med køyretur over brua frå Bu til Vallavik og inn til rundkøyringa i Vallaviktunnelen. Deretter går turen tilbake over brua i helikopter-perspektiv.