Stor driftskontrakt til Risa

Statens vegvesen signerer måndag 9. mai ny kontrakt med Risa AS for drift av mange av riks- og fylkesvegane i Rogaland.

- Det er den største driftskontrakten i heile Rogaland, til og med i heile region vest, seier Eivind Stangeland, byggeleiar og kontraktsansvarleg for Stavangerkontrakten i Statens vegvesen.

Nye fem år til Risa
Kontrakten som går over fem år er verd 433 millionar kroner.

- Då fristen gjekk ut i mars var det to entreprenørar som hadde levert inn tilbod. Risa hadde det lågaste tilbodet, seier Stangeland.

Risa har allereie hatt den såkalla Stavangerkontrakten i snart fem år, men frå 1. september startar ein ny kontraktsperiode på fem år.

- Vi syns det er flott med entreprenørar som satsar på drift- og vedlikehaldsoppgåver. Det er positivt at dei ønskjer å utvikle seg innan desse områda, seier Stangeland.

Reinhald og snømåking
Stavangerkontrakten gjeld daglege drift- og vedlikehaldsoppgåver for riks- og fylkesvegane i Stavanger, Randaberg, Kvitsøy, Finnøy, Sola, Klepp, Time og delar av Sandnes og Gjesdal. Kontrakten omfattar også driftsansvar for gang- og sykkelvegar knytt til riks- og fylkesvegnettet.

Oppgåvene til entreprenøren er blant anna reinhald, snømåking, klipping av buskar og tre og tømming av kummar.