Løyve til Akslandselva kraftverk

NVE gjev Akslandselva kraftverk AS løyve til å bygge Akslandselva kraftverk i Etne kommune i Hordaland.

Akslandselva kraftverk i Etne kommune i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 300 husstandar.

Kraftverket vil få ei installert effekt på 1,7 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på om lag 6 GWh.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 340 meter og endre naturleg vassføring på ei om lag 1475 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne rør mellom inntak og kraftstasjon.

Utbygging vil medføre nokre negative verknader for natur- og landskapsverdiar. Den verdfulle naturtypa bekkekløft er registrert på elvestrekninga som blir fråført vatn. Buhillersbekken bidreg til høgare restvassføring i bekkekløfta og sikrar ein viss vassføringsdynamikk i elva. Av omsyn til landskap og miljø gis det ikkje løyve til overføring av Buhillersbekken. NVE meinar at med tilstrekkjeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderar fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene, og gjev difor løyve til Akslandselva kraftverk.

Meir om Akslandselva her:
http://www.nve.no/no/Konsesjoner/Konsesjonssaker/Vannkraft/?soknad=5215&stadium=&type=11