Groruddølar meir nøgde

Dei områderetta tiltaka i Groruddalen har gjeve resultat. Det syner ein ny rapport som Agenda Kaupang har gjort på oppdrag frå Husbanken.

- Eg er godt nøgd med at dei som bur i området opplever utviklinga som positiv, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Føremålet med satsinga har vore å styrke lokal stadidentitet, utvikle gode og trygge bustad- og uteområdar og skape gode lokale møteplassar for dei som bur i Groruddalen. Etter fire år med auka innsats, er det gjennomført mange gode tiltak. Mellom anna er Veitvetparken rusta opp, badeplassar etablerte og fleire område har fått nærmiljøsenter.

Tiltaka i Groruddalen er ei felles satsing frå regjeringa og Oslo kommune. Frå 2007 til 2011 har regjeringa løyva 215 millionar kroner til områderetta tiltak, bumiljøtilskot og utvikling av attraktive møteplassar.

Rapporten syner at fysiske og sosiale tiltak har gjeve positive effektar. Områdeløftet har hatt god innverknad på folk sitt kvardagsliv og deira oppleving av korleis det er å bu i Groruddalen. Satsinga endrar jamvel ikkje dei store og grunnleggjande utfordingane knytt til dårlege levekår og miljø.

- Regjeringa har for 2011 utvida ordninga for områdeløft til også å omfatte Bergen. Husbanken har ei sentral og viktig rolle for igangsetting, gjennomføring og ferdigstilling av områderetta tiltak. Deira erfaring frå arbeidet i Groruddalen vil være viktig for at satsinga i Bergen også skal bli vellukka, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.