Vil gjere det enklare å pusse opp bad

- Dei nye byggjereglane har no verka ei stund, og mange meiner det har blitt for mykje byråkrati og sakshandsaming i små byggjesaker, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Staten må ikke stikke fingrene i alt

Senterpartiets påtroppende første nestleder, Ola Borten Moe, trakk linjene tilbake til bestefar Per Borten i sitt innlegg på Sps landsmøte fredag.

Han sa at det er partiets rolle å bygge videre på Gerhardsens og Bortens nasjonsbygging og sørge for at det nasjonale fellesskapet gir rom for tilhørighet til flere, på tvers av store og synlige ulikheter.

Han sa at mange føler på en avmaktsfølelse overfor seg selv og samfunnet.

– Vårt svar må være myndiggjøring av enkeltmennesket og av lokalsamfunnene. Staten skal ikke stikke fingrene sine bort i ting den ikke har noe med, enten det er bygging av bad eller bygging av skogsbilveier, sa han.

Eg er ikkje nøgd med den utviklinga. Difor vil eg endre reglane knytt til søknadsplikt for våtromsarbeid i eksisterande bygg, seier Navarsete.

Målet med plan- og bygningslova er særleg å få færre byggjefeil og sikre høg kvalitet på bygg. Sidan juli 2010 har det difor vore nye byggjereglar knytt til kvalitetssikring og tilsyn. Det er særleg krav om å nytte ansvarlege føretak ved arbeid på våtrom som har generert meir byråkrati og sakshandsaming.

- Det skal på ingen måte løne seg å gjere slett arbeid. Men eg er ikkje nøgd med eit system som tross gode hensikter blir ein hemsko og barriere for byggjenæringa og som blir oppfatta som urimeleg hjå folk flest, seier Navarsete

Navarsete varslar også ein gjennomgang av kommunane sin praksis knytt til gebyrfastsetjing. Kommunane har ikkje mulegheit til å ta meir i gebyr enn kva det kostar dei å handsame søknaden.

- Det er vanskeleg å forstå at det skal vere så stor skilnad i gebyret for å få handsama ein søknad om oppføring av ein einebustad frå kommune til kommune. Difor vil vi setje i gang eit arbeid for å sjå nærare på kommunane sin praksis knytt til gebyr, seier Navarsete.