Ny studie av miljø- og klimabelastning frå byggjematerialer

Klimabelastninga frå dagens byggverk er i stor grad knytt til drift, vedlikehald og utvikling av bygg.

Når bygga blir meir energieffektive, vil klimabelastninga frå byggjematerialane utgjere ein relativt større del av den totale klimabelastninga til bygget.

Det kjem fram i ein ny litteraturstudie frå Østfoldforskning. Studien blei bestilt i samband med arbeidet med stortingsmelding om bygningspolitikken og samanliknar dei ulike byggjematerialane sin klimabelasting gjennom å nytte livsløpsanalysar.

Studien syner også at klima- og miljøbelastninga frå bygg er samansett, og at dei ulike faktorane må sjåast i samanheng for å sjå den totale miljøbelastinga. Undersøkinga gjev ikkje grunnlag for å hevde at ein type bygningsmaterial skal ha prioritet framfor ein annan, ut frå omsynet til klima- eller miljøbelastingar.

Østfoldforskning tilrår forslag til vidare oppfølging, på to hovudområde:
1. Vidareutvikle berekningsmetodikk for livsløpsanalysar av byggjevarer, til dømes gjennom utvikling av like produktkategorireglar for byggjevarer, og for samansette bygningsdelar som til dømes ytterveggsløysingar, takkonstruksjonar, etasjeskilje.

2. Stimulere til auka bruk av livsløpsanalysar i avgjerdsprosessar og politikkutforming.

Departementet vil vurdere korleis ein skal følgje opp tilrådingane i samband med arbeidet med stortingsmelding om bygningspolitikken som etter planen blir lagt fram hausten 2011.

Kunnskapsplattform for beregning av klimabelastning fra bygg og byggematerialer (pdf)