Badeland om to år i Molde?

Badelandkomiteen og mulege næringsinteressentar fekk i går sjå arkitekt Kjell Kosbergs nye teikningar til nytt badeanlegg på Reknes i Molde. Teikningane viser det nye badeanlegget, frittståande og saman med stadion og Rica Seilet alt signert Kjell Kosberg.

Det er Berg Jacobsen-gruppen som eig gamle støyperitomta vis a vis Seilet, som har bestilt og forskottert dei nye teikningane. Tomteeigarane har engasjert konsulent Dagfinn Storvik som prosjektleiar, for å bistå komiteen med å jobbe fram eit realistisk prosjekt. Enno er ikkje alle element på plass, men målet er jo å få realisert prosjektet. Går ting etter planen, er det håp om å komme i gang med bygginga første halvår neste år, seier Storvik. I så fall kan det nye badeanlegget stå klart i løpet av 2006. Låg profil. Kjøpmann Erik Berg vil inntil vidare halde seg i bakgrunnen, og ville i går ikkje kommentere saka. Han stadfester likevel at Berg Jacobsen-gruppen forskotterer dei nye teikningane, og har initiert at det vert jobba fram eit grunnlag for muleg badeanlegg-utbygging. Og, som privatperson kan eg vel seie at dei nye teikningane ser flotte ut, smiler Berg. Todelt. Anlegget er no tenkt delt inn to avskilde delar; ein næringsdel og ein bassengdel, etter mønster frå Seilet/Bjørnsonhuset. Vi trur at dette gjensidig vil styrke aktørane i konseptet, seier leiar for badelandkomiteen, Ola Fremo. I næringsdelen tenker ein seg lokalisert for eksempel trenings- og velvære-bedrifter. Fremo er godt fornøgd både med dei nye teikningane og framdrifta i jobbinga. Dette ser veldig bra ut, meiner Fremo. Sjølv om det gjenstår litt i forhold til endeleg avtale, er komiteleiaren no svært optimistisk med tanke på ei realisering av prosjektet. Optimistisk. Det er jobba veldig godt på fleire frontar, både med samarbeidspartnarar i høve til finansieringa, og i forhold til avtaleverk og juss. Kontrakter om finansiering er ikkje underteikna, men som det ser ut no går det i retning av at brikkene fell på plass, seier Fremo. Han vedgår at prosessen har teke lang tid, men poengterer at ein har jobba på mange frontar for å få best mulege løysingar. Og når vi no forhåpentleg snart er i gang, så skjer alt veldig fort, meiner Fremo. Prosjektet skal behandlast i formannskap og kommunestyre i oktober.