Tilbodsopningar på fv. 609 Dalsfjordbrua

Nederlandske HSM BV hadde det lågaste tilbodet på stål- og montasjearbeidet, medan tyske Bilfinger hadde det lågaste tilbodet på betongdelen.

Totalt tre entreprenørar, to nederlandske og eitt dansk firma, vil utføre stålarbeidet på Dalsfjordbrua, melder vegvesen.no.

Under tilbodsopninga tysdag 15.mars kl.13.00 skilde det i overkant av 70 mill.kr. mellom det høgaste og lågaste tilbodet.

HSM BV var lågast med 160, 5 mill. kr. Nærast var danske MT Høigaard med vel 170 mill.kr.

– Det lågaste tilbodet ligg noko over forventa pris, seier prosjektleiar for Dalsfjordsambandet, Einar Hovland.

 

Det var sju tilbydarar på betongarbeidet på Dalsfjordbrua. Tyske Bilfinger Berger hadde det lågaste tilbodet under opninga tysdag 15.mars kl.14.00.

Det skilde i overkant av 70 mill. kr mellom det høgaste og lågaste tilbodet.

Bilfinger Berger var lågast med 102,4 mill. kr. Nærast var Skanska med vel 126,8 mill. kr.

– Her var tilboda omlag som forventa, seier Hovland.

 

No skal tilboda evaluerast og kontrollreknast før ein tek ei endeleg avgjerd.

- Vi vil gjennomføre kontrollrekninga så fort som mogleg, og har eit mål om at stål- og betongarbeidet kan starte opp i mai, avsluttar prosjektleiaren.