Stor ordre til Spenncon

Spenncon Hjørungavåg har fått ordren på Amfi Bygg Moa, eit forretningsbygg som inkluderer ny bussterminal. Ordren har ein verdi på 13 mill. kroner, melder Vikebladet.

Amfi Bygg er på 13 000 kvadratmeter, der Spenncon skal levere 11 800 kvadratmeter holdekkeelement i tillegg til beresystemet, som består av søyler og bjelkar. Oppdraget er ei utviding av bygg som Spenncon tidlegare har sett opp. Kundeansvarleg Åge Bigset opplyser at dei vil starte monteringa i oktober, og reknar med å vere ferdig med sin del av arbeidet før sommarferien neste år. GOD AKTIVITET Totalt nærmar Hjørungavåg-avdelinga sin ordrereserve seg 40 millionar kroner. Om det ikkje er rekord, teiknar leiinga den som svært god. Det er såleis god aktivitet ved fabrikken. Dei går for tida to skift på produksjon for holdekke. Verksemda har ikkje hatt permitteringar sidan i mars i 2003, men tidlegare i år såg dei seg nøydde til å seie opp fire funksjonærar. Talet på produksjonsarbeidarar har såleis vore stabilt over tid, men no søkjer dei etter fleire folk, både for å erstatte naturleg avgang og for å utvide. Med den noverande ordrereserven reknar Bigset med at dei vil ha arbeid til ut på nyåret. BLANT DEI BESTE Spenncon i Hjørungavåg ligg som nummer to i konsernet når det gjeld ordrereserve. Berre avdelinga på Hønefoss er betre. Det opplyser regionleiar Håvard Haarstad. Han trur den låge renta og gunstige kronekursen har auka lysta til å investere i næringsbygg, og då spesielt kjøpesenter. Spenncon skal også stå for elementa til Moengården kjøpesenter på Nordfjordeid. Desse har ein verdi i underkant av 10 mill. kr. I tillegg skal dei byggje Brattøra Sentrumsbygg (Ulsteinvik) og Brattvåg Sentrumsbygg, som er eit kombinert bygg der kulturhuset er ein del. Men første prosjekt ut, er element til storkaia i Kristiansund, der dei skal levere 11000 kvadratmeter holdekkeelement. Her er Spenncon inne som ein underleverandør til hovudentreprenør Skanska.