Offentleg vegnett hindrar verdiskaping

Dårleg kvalitet på fylkes- og kommunale vegar reduserer verdiskapinga i distrikta og er ei miljøulempe. Eit seminar 27. september vil visa kva praktiske og økonomiske konsekvensar dette har for næringslivet, skriv fylkesmannen i Rogaland.

Ein praktisk demonstrasjon med vogntog vil på ein svært god måte visualisera både økonomiske og miljømessige konsekvensar av låg kvalitet på offentleg vegnett. Elles vil det bli innlegg både av politikarar, næringssida og vegvesenet. Les programmet her. God infrastruktur er avgjerande viktig for eit konkurransedyktig næringsliv i distrikta. Næringar med store transportvolum er spesielt sårbare. Slike er det mange av i distrikta. Jordbruk, skogbruk og fiskeoppdrett er eksempel på slike næringar. Lokaliseringa av produksjonen for slike stadbundne næringar gjer dei dessutan ekstra utsette når fylkes- og kommunevegar ikkje held same standard som riksvegnettet. Det er laga ein rapport som viser konsekvensane for skognæringa ved for dårleg vegnett. Difor vil tømmertransport bli bruka som eksempel på seminaret. Men andre næringar vil ha dei same utfordringane, og problemstillingane som blir tatt opp på seminaret er difor like aktuelle for alle som har ansvar for næringsaktivitet i distrikta.