Stor interesse for miljøplan i landbruket

Frå august 2004 skal alle gardsbruk som søkjer produksjonstilskot ha ein godkjent miljøplan. Bonden skal lage planen sjølv, og det har vore satsa sterkt på opplæring. No ser vi at bøndene i Møre og Romsdal har vore av dei ivrigaste kursdeltakarane i landet, skriv fylkesmannen.

Vi står no føre ein ny søknadsomgang for produksjonstilskot i jordbruket. Frå og med denne omgangen skal alle gardsbruk som søkjer om tilskot, ha godkjent miljøplan. Formålet med miljøplanen er å medverke til ein meir miljøvenleg jordbruksproduksjon og til at positive miljøeffektar av jordbruksdrifta kan haldast ved like eller aukast. Planen skal og medverke til auka verdiskaping med utgangspunkt i jordbruket sine positive miljøeffektar, samt å synleggjere miljøinnsatsen i jordbruket. I 2002 vart prosjektet Miljøplanråd satt i verk. Gjennom deltaking på desse kursa har gardbrukarane fått grundig innføring i kva miljøplan er, bakgrunnen for planen og korleis dei kan bruke planen som kvalitetsstyring på miljøområdet, samt fått hjelp til å lage sin eigen miljøplan. I Møre og Romsdal har vi hatt åtte miljøplanrådgjevarar, dei fleste tilknytt ein av forsøksringane. Statusrapport frå midten av mai 2004 viste at aktiviteten her i Møre og Romsdal ligg på landstoppen. Av totalt 5730 sluttmeldte deltakarar, var heile 12 % frå fylket vårt. Møre og Romsdal er òg det fylket med flest innmeldte føretak i prosjektet, med 820. I tillegg til Miljøplanråda, har forsøksringane og gjennomført kortare dags- og kveldskurs dei siste månadane. Så langt har vel 910 gardbrukarar delteke og laga miljøplan på desse kursa. Bygdefolkets Studieforbund melder om vel 330 deltakarar på sine miljøplankurs og Studieforbundet Natur og Miljø om vel 50 stk. Totalt reknar vi med at om lag 2100 gardbrukarar har gjennomført miljøplan-kurs i løpet av dei par siste åra. Det betyr at 57 % av landbruksforetaka i fylket har fått opplæring i forvaltning av miljø og kulturlandskap på eige bruk. Når ein da tek med alle dei som har laga miljøplan på eiga hand, ser det ut til gardbrukarane i Møre og Romsdal står godt rusta framfor den kommande søknadsomgangen!