Bustadpolitikken er endra

I ein kronikk i Aften 26. januar etterlyser konsernsjef Martin Mæland i OBOS ei sterkare offentleg rolle i bustadpolitikken.

Liv Signe Navarsete

Kommunal- og regionalminister

Han ser ut til å meine at statlege myndigheiter har overlate til marknadskreftene å sørgje for å skaffe dei 100.000 bustadene som Oslo, ifylgje Mæland vil kunne trenge fram mot 2030, dersom folketilveksten held fram som i dag.

Me treng bustaddebatt
Det er bra at Martin Mæland set på dagsorden kva engasjement det offentlege skal ha i bustadpolitikken. OBOS er ein viktig aktør innan bustadforsyninga, ikkje berre i Oslo, men over store delar av landet. Innspela er difor verdifulle i arbeidet vårt, og me håper å kunne spele på lag med OBOS framover.

Derimot er eg ikkje samd med Mæland når han seier at ”I Norge i dag finnes det knapt noen offentlig boligpolitikk”, og at ”den vanlige boligpolitikken i all hovedsak er overlatt til markedskreftene”. Mæland etterlyser ein bustadpolitikk som var meir framtredande i tidligare år, ein politikk der det viktigaste målet var å skaffe fleire bustader.

I tiåra etter krigen var det brei semje om at me hadde stor grad av bustadmangel i Noreg. Difor handla mykje av den bustadpolitiske innsatsen om å skaffe fleire bustader. Det har me lukkast godt med. Medan det i 1960 var i gjennomsnitt 3,3 personar i kvart hushald, var det i 2010 i gjennomsnitt 2,2 personar i kvart hushald. Det er det lågaste som nokon gong har blitt registrert.

Alle skal bu trygt og godt
Det er likevel ingen grunn til å slå seg til ro med dette. Den overordna målsetjinga til regjeringa er at alle skal bu trygt og godt. Då er den største utfordringa ikkje lenger å ha ei omfattande offentleg satsing på generell bustadbygging. Det handlar meir om å sikre butilhøva for vanskelegstilte grupper. Det er den fremste bustadpolitiske ambisjonen vår.

Bustadpolitikken har difor ikkje blitt borte, han er endra. Me skal nå dei gruppene som treng midlane mest. Sjølv vil eg kalle dette ei styrking og målretting av bustadpolitikken.

For 2011 kan regjeringa vise til mellom anna fylgjande bustadpolitiske satsingar:

• 3,8 milliardar kroner til bustøtte som går til om lag 130.000 husstandar

• 5 milliardar kroner til startlån frå kommunane

• 429 millionar kroner i tilskot til etablering av utleigebustader

Regjeringa er også kontinuerleg oppteken av korleis me skal oppnå ein best muleg bustadpolitikk. I denne stortingsperioden vil me difor både leggje fram ei melding om bygningspolitikk og ei melding om bustadpolitikk.

I den samanhengen er eg glad for at Martin Mæland takka ja til å sitje i det regjeringsnedsette bustadutvalet. Utvalet skal leggje fram forslag til korleis den sosiale bustadpolitikken skal innrettast. Innstillinga blir viktig for innhaldet i meldinga om bustadpolitikken.

Også kommunane må ta ansvar
Eg vil også understreke at regjeringa framleis er oppteken av å føre ein aktiv politikk for å sikre at bustadbygginga blir halden oppe. Men staten skal ikkje styre kor mange bustader som skal byggjast. Vår oppgåve er å sikre gode rammevilkår og leggje til rette for effektive byggeprosessar.

Då er det avgjerande at kommunane er seg sitt ansvar medviten i tomtepolitikken.

Eg registrerer at Martin Mæland meiner at det bør bli regulert nok tomter til bustadformål. Det er kommunane som har ansvar for å leggje tomter til rette. Dette arbeidet bør bli gjort i eit så høgt tempo at utbyggarar til kvar tid har ein reserve av byggeklare tomter. Dersom kommunane sjølv vil kjøpe tomter, kan dei ta opp rimelege lån til dette gjennom Kommunalbanken.

Me er inne i ein tid med vekst i folketalet, og framskrivingar viser at veksten kan halde fram i mange år. Då er det ekstra viktig at tomtepolitikken til kommunane ikkje forsinkar byggeprosessane. Særleg gjeld dette i Oslo.

Her har det i seinare tid vore eit stort avvik mellom bustadbygging og folketilvekst. Dersom ikkje kommunane er nok opptekne av å sørgje for forsyning av tomtar, kan låg bustadbygging presse bustadprisane. Det er ingen tent med.