Regjeringa har valt løysing over Haukeli

Regjeringa har avklart at vidare planlegging av ei utbygging av E134 over Haukeli skal ta utgangspunkt i dagens veg mellom Grostøl i Odda kommune i Hordaland og Vågsli i Vinje kommune i Telemark.

Dette inneber ny trasé i dagens korridor, med to lange tunnelar - ein på kvar side av Røldal.

- Avklaringa er eit viktig steg vidare i prosessen fram mot ei framtidig utbygging av vegen over Haukelifjell, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Endeleg prioritering av utbygginga vil bli tatt stilling til i samband med komande Nasjonal transportplan. Det arbeidet er vi no er i gang med.

E134 er det vegsambandet som har størst trafikk av dei fem fjellovergangane mellom Vestlandet og Austlandet. Det har i mange år vore arbeidd med utbetringar som sikrar eit trygt vintersamband.

Mykje av trafikken er næringsretta, og det er viktig at vinterregulariteten på strekninga blir sikra og at reisetida blir korta ned.

Konseptet som regjeringa no har valt å gå vidare med, vil bety store innsparingar i køyre-, tids- og ulukkeskostnader.

- Eg er glad for dette vedtaket. Det gjer at grunnlaget for vidare planlegging er på plass og inneber grønt lys for det vidare arbeidet til det etablerte bompengeselskapet, seier samferdselsminister Kleppa.