Gjennomslag i Torsnestunnelen

I morgon 25. januar når prosjektet Jondalstunnelen eit nytt delmål. Da vert det gjennomslag i Torsnestunnelen.

- Går alt som planlagt og som vi ønskjer, vert det gjennomslag også i Jondalstunnelen i løpet av året, seier prosjektleiar Rolf Harkestad.

Denne tunnelen er 583 meter lang, og ligg på strekninga som bind saman Jondalstunnelen med eksisterande fylkesveg til Jondal.

Arbeidet med tunnelen vert utført av Kruse Smith AS som ein del av kontrakten med Jondalstunnelen.

Arbeidet har gått godt, fjellet har hatt den kvaliteten som var forventa, og det har ikkje vore ulukker i samband med drivinga. Alt har gått som planlagt.

- Arbeida på tunnelen og tilhøyrande vegar vil i tida framover dreie seg om vatn- og frostsikring, vegarbeid, elektro og anna restarbeid, slik at alt er klart når Jondaltunnelen er ferdig, seier Harkestad.