Vil varme kalde burettslag

- Sats på energieffektive løysingar viss burettslaget ditt skal rehabilitere. Det kan gjere godt for både klimaet og lommeboka, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I vinter skal Husbanken, Enova og NBBL halde seminar over heile landet for å fortelje styra i burettslag korleis dei kan rehabilitere til meir energieffektive løysingar og kor ein kan søkje om stønad til tiltak. Målet er å gjere bustadselskapa medvitne om korleis dei kan få lågare strømutgifter, auka bukomfort, høgare bustadverdi og meir trivsel.

- Det ligg store potensial for energieffektivisering i eksisterande bygningsmasse. Ein kan faktisk spare på å gjere ei omfattande rehabilitering framfor ei tradisjonell fasaderehabilitering. Bygningane blir tettare og energirekninga lågare. Det er noko å tenkje på når straumprisane nok ein vinter er høge, seier Navarsete.

Statsråd Navarsete peikar på at mangel på kunnskap og frykt for at ein skal måtte grave djupare i lommeboka enn ein har råd til, kanskje gjer at mange vegrar seg for å gjere meir enn høgst nødvendig når dei skal rehabilitere.

- Eg oppmodar burettslag og andre som er interesserte i å vite meir om korleis ein kan gjere ei framtidsretta og lønsam rehabilitering om å melde seg på seminara, seier Navarsete.

Seminara tek også føre seg tema knytt til å skape betre tilgjenge i leilegheiter og burettslag.

Seminarrekka startar i Bodø 18. januar, og det vert halde seminar i Tromsø 25. januar, Bergen 9. februar, Trondheim 10. februar, Kristiansand 8. mars, Oslo 9. mars og Stavanger 21. mars. Målgruppa er representantar for bustadselskap, bustadsameiger, bustadbyggjelag, kommunale og statlige myndigheiter, interesseorganisasjonar, rådgjevarar og byggje- og heisbransjane velkomen.

Program og påmelding finn ein på www.brrrettslaget.no