Tre-sti over fjorden til Hardangerbrua

Til sommaren kan brubyggjarane på Hardangerbrua gå tørrskodd over fjorden på den såkalla ”cat-walken”.

Det er danske MT Højgaard a/s som har stålentreprisen på Hardangerbrua, på oppdrag frå byggherre Statens vegvesen. Højgaard brukar mange underentreprenørar, dei aller fleste i utlandet. Men oppgåva med prefabrikasjon av tre-stien til ”cat-walken” er gått til ein lokal entreprenør i Ullensvang, nemleg Nedrevåg AS i Kinsarvik.

3500 meter ”catwalk”
Den hengande arbeidsplattformen mellom brutårna skal brukast til kabelspinning og seinare montering av hengestangsfester og hengestenger. Det er bygt nærare 3.500 meter med nettingplater. Kver plate er 2,1 m lang og 3, meter brei. Tilsaman 1.716 matter er levert til byggjeplassen i Hardanger. Nettplatene er produserte i Tyskland. Netting-platene blir no fortløpande forsynt med tre-steg med knappe ein halv meters mellomrom, nett høveleg for normale steg for dei som skal arbeide i luftspennet høgt over fjorden. Montasjen av trestien på mattene skjer i fabrikken til Nedrevåg i Husedalen.

Trelistene blir bundne inn i nettet og skal gjera det lettare å fota seg for brubyggjarane ute på plattformen.

Meir rasjonelt
- Istadenfor å binda trelistene på nettet når ”cat-walken” er montert over fjorden, har vi vald å få denne operasjonen gjort på verkstad på førehand. Dette vil gje ein meir rasjonell arbeidsgang, seier byggjeplassleiar Henning Jensen i MT Højgaard a/s.

Det er bunde inn to tre-stier på kvar side av delar av plattformen. Det vil vera to separate ”cat-walker”, med bruer på tvers mellom plattformane med jamne mellomrom over fjorden.

Duk til tårna
Nedrevåg har også oppdrag for Veidekke, betongentreprenøren på Hardangrbrua.

Dette gjeld ferdiggjering av fiberduken som blir nytta ved støyping av brutårna. Duken blir kledd kring den ferskaste støypen og klatrekassen for å halde høveleg temperatur og fuktgrad på betongen under herdinga.