Løyve til Åkraelva kraftverk

NVE gjev Åkraelva kraftverk AS løyve til å byggje Åkraelva kraftverk i Kvinnherad kommune i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på drygt 16 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 800 husstandar.

Åkraelva kraftverk AS har søkt om løyve til å byggje Åkraelva kraftverk i Åkra i Kvinnherad kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 5 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på drygt 16 GWh. Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 295 meter og endre naturleg vassføring på ei 1900 meter lang strekning av Åkraelva. Sidebekkane Stølselva og Raunelielva vert teke inn på tilløpsrøyret til kraftverket. Vatnet skal førast i nedgravne røyr mellom inntak og kraftstasjon.

Tiltaket ligg i eit område prega av hogst og husdyrbeiting. Det er påvist ein raudlista lavart i skogen langs elva. Det er ikkje særlege friluftsinteresser knytt til influensområdet. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Åkraelva kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om løyvet til Åkraelva kraftverk på www.nve.no