Bygger Ørsdal kraftverk

NVE gjev Dalane Energi IKS løyve til å bygge Ørsdal kraftverk i Bjerkreim kommune, Rogaland.

Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 9,8 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 480 husstandar.

Dalane Energi IKS driv i dag Vassbø kraftverk i Ørsdalen. Dette kraftverket treng snarleg opprustning. Dalane Energi IKS ynskjer å nytte meir vatn og meir fallhøgde, og har difor søkt om løyve til å bygge Ørsdal kraftverk i Høylandsåna til erstatning for Vassbø kraftverk.

Det er og søkt om løyve til å overføre Hellarsbekken til Høylandsåna. Inntaket blir på kote 340 i Høylandsåna, og kraftstasjonen plasseras på kote 95 i Litleåna. Røyrgata vil bli om lag 950 m lang og er tenkt grave ned på heile strekninga med utgangspunkt i eksisterande skogsbilveg. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 3 MW. Omsøkt alternativ ville gjeve ein årleg produksjon på om lag 17 GWh. Med dei fastsette vilkåra vil årleg produksjon bli ca. 9,8 GWh.

Omsøkte Ørsdal kraftverk ligg i Bjerkreimsvassdraget, som er eit verna vassdrag. Den øvre grensa for installert effekt er i Bjerkreimsvassdraget sett til 3 MW. Verneverdiane er knytt til landskap og naturmangfald. Vassdraget er og eit nasjonalt laksevassdrag. 200 m av strekninga i Litleåna ovanfor planlagt kraftstasjon er egna som oppvekstområde for laksefisk, medan strekninga mellom ny kraftstasjon og Ørsdalsvatnet har gode gyte- og oppveksttilhøve om laksen kjem attende. Strekninga har i dag liten verdi for fisk på grunn av surt vatn.

NVE tillet ikkje overføringa av Hellarsbekken, da denne vil bidra med ei betydeleg restvassføring på den utbygde strekninga. NVE vurderar restvassføringa og minstevassføringa til å ivareta verneverdiane og oppretthalde moglegheita for at laksefisk kan nytte seg av Litleåna i framtida dersom vasskvaliteten i Litleåna bedrar seg. NVE har vektlagt at det allereie er gjort tekniske inngrep i vasstrengen og tiltaksområdet. Det er sett krav vedrørande nedlegging av eksisterande kraftverk og røyrgate gjennom vilkår i konsesjonen.

NVE meiner fordelane i høve til allmenne interesser er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Ørsdal kraftverk utan overføring av Hellarsbekken. Løyvet er gjeve på nærare fastsette vilkår.