Ny rettleiar for større vasskraftprosjekt

NVEs nye ”Rettleiar 3/2010 – Konsesjonshandsaming av vasskraftsaker” skal danne mal for alle trinn i prosessen fram til søknad om løyve for bygging av større vasskraftprosjekt. Dette gjeld prosjekt som fell inn under plan- og bygningslova si forskrift om konsekvensutgreiingar.

Den nye rettleiaren er ei revidert og omarbeida utgåve av NVEs rettleiar 1/98. Den er oppdatert i høve til endringar i lovverk, forskrifter og aktuelt rettleiingsmateriell som har kome dei siste 12 åra.

Målgruppa for rettleiaren er primært tiltakshavarar og konsulentar som utfører planleggings- og utgreiingsarbeid knytt til meldingar og søknader. Den vil også gje nyttig informasjon til høyringsinstansar og andre som på ein eller annan måte er involverte i konsesjonshandsaminga.

Handsaming av småkraftverk og revisjon av konsesjonsvilkår er skilde ut i andre rettleiarar, og vert difor berre kort omtalt i rettleiaren.

NVE ynskjer at den nye rettleiaren skal verke som mal og disposisjon for meldingar, utgreiingsprogram og søknader med konsekvensutgreiingskrav. Rettleiaren inneheld mellom anna ein standardtekst for forslag til utgreiingsprogram, som skal tilpassast det einskilde prosjekt.

Rettleiaren kan lastast ned her: www.nve.no/vannkraft-KU