Hardangerbru-skiping til ny kai

Bergen hamn er byta ut med tømmerkaia på Kyrkjenes i Ullensvang for ein del tyngre stål-leveransar til Hardangerbrua, skriv vegvesen.no.

 

Den andre, store leveransen av kabeltråd frå Bridon Ltd. i Doncaster er levert med skip frå hamnebyen Goole i England til den vesle tømmerkaia på Kyrkjenes, like nord for Kinsarvik i Hardanger. Det er 90 kontainerar - med tre kabeltromlar i kvar kasse - som er lossa på tømmerkaia i denne omgang. Fire lastebilar gjekk i skytteltransport mellom Kyrkjenes og lagerplassen på Bu, ein tur på 3-4 km. På grunn av vekta kan ein berre ta ein kontainer på kvar køyretur.

Kabeltråden til Hardangerbrua er totalt på 6.340 tonn. Kvar trommel har knappe 6 tonn med tråd. Første leveranse av kabeltråd sist sommar gjekk via Bergen hamn, noko som ga atskilleg lengre køyring og dessutan ferjereise i eit tid med store trafikk på vegane.

Bridon har meldt at det kan bli ei noko mindre levering av tråd før jul, medan dei to siste leveransane venteleg vil skje i mars og mai 2011. All frakta vil frå no av gå med skip til Kyrkjenes, og lastebil vidare til Bu.

Kabelspinninga på Hardangerbrua vil truleg kunne ta til i løpet av sommaren 2011, når arbeidsplattformen mellom brutårna, den såkalla ”cat-walken”, blir klar til bruk.