Hardangerbrua over 150 meter

Tårnet til Hardangerbrua på Bu er no komen opp i 151 meters høgd, og dermed er det 50 meter att til full tårnhøgd, skriv vegvesen.no

Støypedato på dei to tårnføtene på Bu-tårnet blei 3. og 5. november, med klatring frå 147 til 151 meter. Tårnet i Vallavik har så langt denne hausten gjennomgåande lagt 4 til 8 meter bak tårnet på Bu.

Gjennom hausten har det likeeins vore bygging av riglar – tverrbjelkar – mellom tårnføtene på båe sider av fjorden. Brua skal byggjast med 3 slike riglar på kvart tårn. Planumrigel er den nedste tverrbjelken, som ligg like under der køyrebana skal byggjast. Midtrigel er og på plass. Topprigel på brutårna skal byggjast etter komande årsskifte, utover vinteren 2011.

Betongentreprenør Veidekke og byggherre Statens vegvesen har som mål at båe brutårna skal nå opp mot 180 meter før juleferien i år. Men tårnbygging i denne høgda har sine grensar i høve til vindstyrke. Det er i første rekkje heving av byggjekran som kan påverka framdrifta. Krana kan ikkje hevast når vinden er for kraftig, slik det har skjedd ved eitt høve denne hausten.

Med ei tårnhøgd på 179 meter er bruarbeidet tett oppunder der dei øvste tverrbjelkane skal byggjast. Når desse toppriglane er på plass nærmar det seg montasje av dei 4 såkalla tårnsadelane. Det er gjennom desse sadlane at kabelbunten skal passera toppen av brutårna. Kvar tårnsadel veg 13 tonn og ligg no på lageret som Statens vegvesen har ved byggjeplassen på Bu.

Når tårnsadlane er på plass vil vidare bygging av dei 4 spisse tårnhusa på 15 meters høgd ta til, og pågå utover mot våren 2011.