Høge mål for energieffektivisering

Ketil Lyng (adm. dir. i BNL) har utfordra meg til å seie kva eg vil gjere for å redusere energibruken i den eksisterande byggmassen.

Han viser til arbeidsgruppa om energieffektivisering eg sette ned før jul og som eg fekk rapporten frå nå i august. Der går det fram at me bør setje oss som mål å redusere energibruken i byggsektoren med 10 Twh i 2020.

Innsparing i bygde bygg

Strenge krav til energieffektivitet i nye bygg kan, etter arbeidsgruppa sine utrekningar, ikkje redusere energibruken i samla byggmasse med meir enn 2 Twh i 2020. Det meste av innsparinga må dermed skje i dei bygga som me allereie har bygd.

Eg er samd i at me må setje oss høge mål for gjere bygga våre meir energieffektive. Skjerpa krav til nybygg vil kome. Truleg vil det medverke til ein ny standard som til ein viss grad vil verke inn på rehabilitering av eldre bygg.

Utfordring å finne verkemiddel

Å finne fram til treffsikre og for samfunnet akseptable verkemiddel som i monaleg grad kan føre til ei samfunnstenleg oppgradering av eksisterande byggmasse, er ei utfordrande oppgåve.

Den nemnde arbeidsgruppa har kome med forslag som me no vurderer nærare. Medlemmane i gruppa har brei røynsle frå byggeverksemd og har god innsikt dette, og dei har kome med mange interessante forslag til «tiltakspakker».

Men forslaga er ikkje vurdert i eit breiare samfunnsøkonomisk perspektiv. Det var heller ikkje ein del av mandatet til gruppa. Som ansvarleg styresmakt må me i departementet syte for at den jobben blir gjort, og det vil ta enno noko tid før svara ligg føre. Eg trur at me må sjå på ulike «tiltakspakker» for ulike typar av bygg.

Nye krav?

Kanskje bør me starte med å stille krav til energieffektivisering i samband med større rehabilitering av offentlege bygg, og deretter halde fram med private bustader. Me må sjå nøye på kor langt me kan gå i å stille krav i dei tekniske føresegnene i samband med rehabilitering.

Samstundes må me utgreie nærare korleis dei mange milliardane kroner som i dag faktisk blir brukt på rehabilitering også kan utløyse fleire energieffektiviseringstiltak enn pengane gjer i dag.

Korleis balansen og samanhengen mellom tilskot, informasjon og spreiing av kunnskap, må også analyserast nærare.

Eg registrerer med interesse at Lyng og andre frå byggenæringa er utålmodige og vil at me snart må kome i gang med aktive tiltak.

Positivt av næringa

Det er også positivt at fleire aktørar i næringa heller enn å vente på at staten skal kome med eit forbetra verkemiddelsett, er godt i gang med å byggje passivhus og utbetre eldre bygg til eit tilsvarande nivå.