Ny stasjon på Hamang

Statnett vurderer ny stasjonsløsning i transformatorstasjon Hamang. Det er diverse ulike alternativ som vert vurdert.

Hovedalternativet er å etablere ein ny stasjon på sørsida av E16. Denne er tenkt realisert ved SF6-anlegg for 300 kV (framtidig 420 kV) og 132 kV koblingsanlegg, skriv Statnett på sine nettsider. Vidare skal det etablerast 3 nye transformatorer, 300/132 kV, 300/47 kV og 132/47 kV. Det kan også vere aktuelt med følgjande konfigurasjon på trafosida; 300/132 kV, 2 stk. 300/47 kV. Mesteparten av anlegget vil verte lokalisert inne i eit bygg. Trafoer kan verte plassert i utandørs trafoceller. Eksisterande anlegg på nordsida av vegen vert rive. 47 kV anlegget vert tilpassa auka ytelse på nye trafoer. Hovedalternativet baserer seg på at det kjem inntekter som følgje av salg av eksisterande areal på nordside av E16 til boligformål.

Blant andre aktuelle alternativ er rehabilitering av eksisterande anlegg samt etablering av 1 stk. 132 kV SF6-anlegg med trafo 300/132 kV. I tillegg kjem nye trafoer mot eksisterande 47 kV anlegg og tilpasning av 47 kV anlegg.

Felles for alle alternativa er ei oppgradering av eksisterande kontrollanlegg.