Fann lite trevirke med ulovleg impregnering i Hordaland

Kontrollaksjonen av impregnert trevirke i 2004 viste at det var lite ulovleg trevirke på lager hos trevareforhandlarane. Merkekravet var gjennomført på ein tilfredstillande måte. Ved hagesentra var situasjonen dårlegare. Merkinga og kjennskapen til regelverket var mangelfull, skriv fylkesmannen i Hordaland.

Totalt 33 verksemder (24 trevareforhandlarar og ni hagesenter) vart kontrollerte ved årets kontrollaksjon av impregnert og kreosotbehandla trevirke. Tre av trevareforhandlarane hadde små mengder trevirke impregnert med koppar, krom og arsen (CCA-impregnert trevirke) på lager. Dette ville imidlertid bli fjerna og levert til godkjent mottak snarast. Når det gjaldt hagesentra var både merking og rutinar for å sikre at varene ikkje innheld krom og arsen dårleg. Desse hadde og til dels liten kjennskap til regelverket og kunne i mindre grad svare på kva produkta var impregnerte med. Kreosotimpregnert trevirke (gjerdestolpar, plank) vart funne hos to forhandlarar. Regelverket for sal av dette produktet var mindre kjent.