Brattare enn Kollen

- Dette er ein brattare byggjeplass enn i unnarennet i Holmenkollbakken, seier dei to Veidekke-karane som heng i tau i spreiekammeret til Hardangerbrua.

Øystein Olsen og Kenneth Borg har vore med og bygt den nye hoppbakken i Holmenkollen, der VM på ski skal skipast til i februar 2011. No er dei i gang med bygging av eit anna landemerke, nemleg Hardangebrua.

Italienske stag og plater
Når dei støyper golvet i det vestre spreiekammeret på Bu i Ullensvang heng dei i tau i den bratte bakken. Golvet skal strekkje seg over kring 20 meter frå toppen av spreiekammeret til botnen, der forankringsklossen alt er ferdig støypt. Fram frå den vestre forankringsklossen stig det 38 stålstag, forankringsstag, som er festa i innstøypte forankringsplater.

Forankringsstaga og forankringsplatene var dei første stålelementa som blei leverte til byggjeplassen på Bu tidlegare i år. Dei er produserte ved OME-verkstaden i Milano i Italia, og frakta til Hardanger med trailer. Stag og plater er skrudd saman på plassen og innfesta i forankringsklossen.

Fjellhall
Medan spreiekammeret ligg ope i dagen under bygginga er forankringskammeret 27 meter lenger nede i fjellet, med tilkomst via vegtunnelane til Hardangerbrua. Forankringskammeret framstår som ein fjellhall med 15 meters høgde.

I desse dagar blir det gjort ferdig første oppspenning mellom vestre spreiekammer og forankringskammer på Bu. Deretter skjer det same mellom austre spreikammer og forankringskammer.

Stålforskaling og andre hjelpemidlar til støypinga skal seinare flyttast til Vallavik, der tilsvarande bygging av bruforankring tek til over nyttår.