Hordaland får 260 mill. kr til riksvegar i 2005

Etter den førebels ramma vil Hordaland få 260 mill. kr til riksvegar i 2005 innan dei såkalla fylkesfordelte riksvegmidlane.

Fylkesutvalet rår til at ramma vert fordelt slik: 40 mill. kr som Bergen kommune disponerer innan forsøksordninga, 50 mill. kr til bybane/ringveg vest i Bergen, 50 mill. kr disponert innan forsøksordninga som Vestlandsrådet styrer, 90 mill. kr til strekningvise investeringar i fylket utanom Bergen og 30 mill. kr i sekkepostløyving til stamvegnettet. Fylkesutvalet viser til det store etterslepet av investeringar på E39 Kyststamvegen, og går inn for at oppstart av E39 Romarheimsdalen vert prioritert øvst som marginalprosjekt i Region vest ved eventuell auke i ramma for stamveginvesteringane. Fylkesutvalet seier seg lei for at det ikkje er gjeve rom for Rv 57 Åse-Herland og Rv 563 Florvåg-Erdal i riksvegbudsjettet for 2005. Fylkestinget vil koma attende til til prioritering av desse to strekningane innafor ramma for øvrige riksvegmidlar i budsjettet for 2006. Av dei 50 mill. kr som vert sett av til forsøksordninga som Vestlandsrådet styrer, er 21 mill. kr bundne opp til refusjonar og 13,3 mill. kr er bundne opp til andre prosjekt. Det gjeld 2,5 mill. kr til fullfinansiering av Eikelandsmyrane på Bømlo og 6 mill. kr til fullfinansiering av strossing av tunnelane mellom Mundheim og Gjermundshamn. 4,8 mill. kr til Lingaparsellen på Rv 49 skulle dekkast med kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift, men ordninga fell bort og det må nytta ordinære riksvegmidlar for å få gjennomført prosjektet. Til andre mindre investeringstiltak er det føreslått 15,7 mill. kr. Dei 90 mill. kr til strekningsvise investeringar i Hordaland utanom Bergen skal fordelast med 60 mill. kr til Rv 550 Agaparsellen og 30 mill. kr til oppstart av Halsnøysambandet i Kvinnherad. Fylkestinget handsamar saka på møte 8.-9. juni.