Vil ha ny seglingslei til Bergen snarast

Fylkesutvalet i Hordaland ber om at det vert lagt fram sak for Stortinget om opplegg og finansiering av alternativ seglingslei til Bergen snarast mogleg.

Fylkesutvalet føreset at ny seglingslei ikkje skal finansierast med bompengar eller med ordinære investeringsmidlar til vegføremål, heiter det i Hordaland fylkesutval sitt høyringsvedtak om konsekvensutgreiinga som ligg føre. Vedtaket vart gjort med 13 mot to røyster (SV). SV gjekk imot vidare planlegging av ny seglingslei til Bergen. Etter fylkesutvalet si vurdering gjev konsekvensutgreiinga svar på dei hovudspørsmåla som vart stilt i utgreiingsprogrammet. På dette grunnlag tilrår fylkesutvalet at konsekvensutgreiinga vert godkjent. Fylkesutvalet meiner at det i nytte-/kostanalysen, ut frå Bergen sin marknadsposisjon på cruiseskipsmarknaden, må leggjast større vekt på at det i framtida er sannsynleg at cruiseskip som ikkje kan gå under Askøybrua, heller ikkje vil gå til andre turistdestinasjonar i Noreg.