Meierisvingen er under utbetring

Endeleg – vil vel mange seie –  Meierisvingen i Odda som har vore ei utfordring for alle trafikantgrupper i mange år - bert utbedra. Ikkje minst for mjuke trafikantar som har følt seg ”skvist” når store vogntog passerte, skriv vegvesen.no

 

Det førebuande arbeidet er allereie i gang og det er Mesta Drift AS som vann tilbodet og skal stå for anleggsdrifta.

Kva skal gjerast

Svingen skal slakast ut, det vil seie at den vil kome lenger inn i terrenget. Eksisterande mur må rivast, seks bustader vert råka og må fjernast. Odda kommune nyttar høvet til å skifte ut vatn- og avlaupsleidningane, dette ligg som eiga sak i tilbodet og blir utført av same entreprenør.

Arbeidet skal vere avslutta i november 2011.

Oppstart

Statens vegvesen som byggherre sette allereie i januar 2010 i gang arbeid med støyisolering av dei næraste bustadene til Meierisvingen.

– Dette ser vi på som ein stor fordel for bebuarane, seier prosjekt- og byggeleiar Terje Dagestad. Desse bustadene vil bli plaga med dagleg trafikkstøy frå riksvegen, og her måtte gjerast tiltak. No vil dei i tillegg bli mindre plaga av støy frå anleggsarbeidet.

Entreprenøren har også starta arbeidet med riving av dei seks bustadene som må vike for ny og utbetra sving. Av desse seks var det to tomme, to har fått kommunale og to har kjøpt seg andre bustader.

Trafikkavvikling i byggetida

Planen er at rv. 13 skal vere open for trafikk i heile byggetida. I periodar kan vegen bli innsnevra til eitt felt og trafikken avvikla med manuell trafikkdirigering.

Gang- og sykkelvegtrafikken må leggast om i løpet av byggeperioden ettersom fortauet må fjernast. Mjuke trafikantar må da nytte Opovegen mellom krysset ved sjukehuset og krysset Opovegen/Røldalsvegen.

Når omlegginga skal innførast blir dette annonsert i lokalavisa og skilta på staden.