Løyve til bygging av Senneset kraftverk

NVE gjev Senneset Kraft AS løyve til å bygge Senneset kraftverk i Gaular kommune i Sogn og Fjordane.

Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 5,3 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 265 husstandar.

Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 1,8 MW.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 215 meter i Sennesetelva og endre naturleg vassføring på ei omlag 1700 meter lang elvestrekning. Vassvegen skal bli nedgraven i grøft. Svigardselva vil overførast til Sennesetelva oppstraums inntaket. Omlag 300 meter av Svigardselva vil få redusert vassføring. Det er registrert ei rundt 500 meter lang bekkekløft i vassdraget. Det er vurdert at naturverdiane i bekkekløfta er så små at den ikkje er ein prioritert naturtype. Det vart funne kort trollskjegg i bekkekløfta, klassifisert som nær trua (NT) i raudlista, men denne er ikkje direkte avhengig av vassføringa i elva. NVE vurderar at dei negative verknadane av ei utbygging kan reduserast med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane gjennom ein auke av fornybar energiproduksjon på 5,3 GWh er større enn skadar og ulemper for ålmenne interesser. NVE gjev derfor løyve til bygging av Senneset kraftverk på fastsette vilkår.