Hardangerbrua fullfinansiert med bompengar

Samferdselsutvalet i Hordaland går inn for å byggje Hardangerbrua ved hjelp av bompengar. Dette sikrar full finansiering av prosjektet til 1615 millionar kroner. Byggjestart kan bli i 2007, med opning i 2010.

990 millionar kroner i bompengar Mot dei to røystene til RV og SV tilrådde samferdselsutvalet finansieringsplanen for Hardangerbrua. Brorparten av byggjekostnadene skal dei reisande betale i bompengar, totalt 990 millionar kroner. Resten blir dekka av kommunale tilskot, konsesjonskraftinntekter og sparte ferjesubsidiar. Samferdselsutvalet ber om at Hardangerbrua A/S utarbeider bompengesøknad. Eiga sak om Vallaviktunnelen Samferdselsutvalet meiner brannsikring og eventuell anna sikring av Vallaviktunnelen kan sjåast på uavhengig av Hardangerbrua og ber om eiga sak om dette. Protokollmerknad Ein protokollmerknad frå RV og SV fekk berre to røyster og fall. I den heiter det at Finansieringsplanen overvurderer trafikkmengd på brua. Andre transportvegar og transportmåtar vil ta ein god del av trafikken som utgreiinga legg på brua. Bompengesatsane vil difor bli høgre og bompengeperioden lengre enn det finansieringsplanen føreset. Opning i 2010 Planlagt byggjestart for Hardangerbrua blir i 2007, med opning i 2010. I 2006 skal bompengeinnkrevjinga starte på riksvegferjesambandet Bruravik-Brimnes. Årleg inntekt av bompengane er utrekna til 10 millionar kroner. Gjennomsnittleg påslag på ferjebilletten blir på 28 kroner. Gjennomsnitt på 110 kroner i bompengar Frå bruopninga i 2010 skal det krevjast inn etterskotsbompengar i 15 år. Det blir vurdert å bruke Autopass. Det kan bli aktuelt med manuell innkrevjing i sommarmånadane. Det er rekna med at 2200 køyretøy vil passere brua kvart døgn, med ein årleg vekst på 1,5 prosent. Gjennomsnittleg inntekt pr. passering er sett til 110 kroner. Det tilsvarar ein auke på 40 prosent i høve til ferjebilletten. Saka går vidare til fylkesutvalet 27. mai og fylkestinget i Ulvik 8. og 9. juni.