God kvalitet på Vestlandsgrana!

Kvaliteten på norsk gran hogd i Rogaland er fullt på høgde med gran i Hedmark og Oppland. Myten om dårleg kvalitet på vestlandsgran er avliva, skriv fylkesmannen i Rogaland.

58 % av norsk gran hogd i Rogaland (2003) blir skore til fullverdige materialar i samsvar med krava i Norsk Standard for trelast. Samanliknar vi med dei store skogfylka som Hedmark og Oppland, ligg dei på respektive 61% og 53 % sagtømmer. Resten av tømmerstokken går til papirindustrien som massevirke. Dette syner at vi ikkje berre produserer store volum på Vestlandet, men også kvalitet! Myten om at kvaliteten på Vestlandsgrana er dårleg, dersom den ennå finst, er hermed lagt død. I tillegg veit vi at mykje av hogsten i granskog skjer i relativ ung skog, 5060 år. Hogst i 20 30 år eldre felt viser monaleg kvalitetsauke og verditilvekst. Årsakene til dette er at: Kvaliteten på grana aukar med stigande alder. Hogstar i gamle granbestand på 8090 år viser at sagtømmerdelen er mellom 80 og 90%. Med andre ord: Grana er som ein god årgangsvin kvaliteten aukar med stigande alder. Prisforholdet mellom sagtømmer og massevirke(prisspenninga) betyr mykje for det økonomiske resultatet. Relativ gode priser på sagtømmer samanlikna med massevirke dei seinare åra har ført til at ein vil ha god betaling for å vente med hogst, for å få ein større del av volumet over til betre betalt sagtømmer og spesialsortiment. I Rogaland har vi i dag ei overavverkning av gran. Hovudtyngda av kulturskogen er enda ikkje hogstmoden. Prognosar viser at vi enda må vente 1520 år i Rogaland før vi kan starte å hauste for fullt av dei store investeringane som er gjort i skogreisninga. Til orientering utgjer grana berre om lag 12 % av det produktive skogarealet i fylket. Sjølv om ein høgg grana når ho er 50-60 år, viser likevel driftene bra økonomi - trass i at prisen ikkje blir optimal grunna redusert sagtømmerdel. Samanlikna med hogst i lauv og furu gir grana desidert best lønsemd. Store tømmerressursar med relativt god kvalitet samla på eit lite areal gir låge driftskostnader. Dette er noko av forklaringa på at fleire blir freista til å hogge grana for tidleg. Eit godt alternativ, og ein konkurrent til grana, er lerka som også viser stor volum- og kvalitetsproduksjon. Men lerka er meir skjøtselskrevjande enn grana dersom ho skal oppnå same gode kvaliteten.