Auka investeringslyst i landbruket

Etter fleire år med laber byggjeaktivitet i landbruket, aukar no etterspurnaden etter teknisk planlegging. Og mange satsar på store framtidsretta driftsbygningar, skriv fylkesmannen i Møre og Romsdal på sine heimesider.

Landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke tilbyr teknisk planlegging av bygningar til landbruket. Etter fleire år med lite framtidstru og lite nysatsing i landbruket ser det no ut til at stemninga er i ferd med å snu. Planleggjarane merkar auka etterspurnad, og det er gjerne store prosjekt som skal planleggast. Dei siste åra har det vore stor omsetnad av mjølkekvoter, og hyppig etablering av samdrifter rundt om i fylket. Strukturendringane går raskt mot færre men større bruk. Dei fleste driftsbygningane i fylket er no i ferd med å verte gamle og nedslitne. Skal ein investere i ny teknologi vert det kostbart å gjere det åleine i ein gammal fjøs. Difor vel fleire og fleire samdriftsløysingar og nye, store, meir rasjonelle fjøsar. I tillegg har inntektene i jordbruket gått opp dei siste par åra, og rentene er låge. Det gjer at mange no ser lysare på framtida og satsar på bondeyrket også i åra framover.