Statsministeren til Hardangerbrua

– Det blir ei vakker bru, sa statsminister Jens Stoltenberg då han vitja byggjeplassen til Hardangerbrua i Vallavik.

Statsministeren hadde med seg helse- og omsorgsminister Anne Grete Strøm-Erichsen og statssekretær Per Rune Henriksen i Olje- og energidepartementet på ei vitjing til Hordaland, som starta i Hardanger. Innimellom drøftingar om kraftline mellom Eidfjord og Samnanger tok følget seg tid til ein liten time med orientering og synfaring i Vallavik, der dei fekk sjå brutårnet som snart er oppe i 120 meters høgd.

Statsminsteren og følgjet på 13 tok beina fatt dei siste 100 metrane frå det som skal bli buss-snuplassen ved Hardangerbrua i Vallavik. Turen gjekk opp det som skal bli gang- og sykkelvegen til brua.

Undervegs fekk Stoltenberg grundig orientering om prosjektet av fungerande regionvegsjef Kjartan Hove og prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen. Vandringa gjekk til den høge tunnelmunninga på 23 meter, med storslegen utsikt over fjorden og bruspennet mot Bu.

– Statsministeren var svært interessert i prosjektet vårt, og verka imponert over arbeidet, seier ein nøgd prosjektleiar Øivind L. Søvik, som fekk vist fram brutårn, fjord og fjell i det vakraste haustver.