Tunge sadlar til Hardangerbrua

To av dei fire 13 tonn tunge tårnsadlane til Hardangerbrua er alt leverte frå fabrikken i England til byggjeplassen i Hardanger.

Sadel er eit dekkande namn på dei massive stålkonstruksjonane. Men dimensjonane er heilt annleis enn det ein ryttar treng på hesten. Gjennom tårnsadlane skal bunten med kablar kvile på toppen av brutårna i løpet av 2011.

Tårnsadlane er produserte av Goodwin Steel Castings i Stoke-on-Trent i England. Dei to første sadlane er leverte med kvar sin trailer frå Stoke til Immingham, og derifrå med skip til Bergen, og med kvar sin bil vidare til lagringsplassen på Bu i Ullensvang, der brutårna no har passert 120 meters høgd.

Den eine sadelen veg 13.071 kg, medan den andre er seks kilo lettare. Sadlane er merka "sidespenn" og "hovedspenn" i kvar av endane, for rett montasje i tårntoppen neste år.

Dei to siste sadlane kjem frå England til Hardanger seinare i haust.