Høgt spel med millionar i potten

Balestrand: Taksameteret går fort for kommunen sitt utbyggingsprosjekt ved Balestrand helsetun, melder Sogn Avis. Så langt har det blitt brukt 2,5 millionar kroner i prosjektering og planleggingskostnader. 15. mars vil kostnaden vera på kring 3,8 millionar kroner. Politikarane i Balestrand spelar høgt med dei kommunale midlane. Enden på visa kan bli at alt arbeidet er bortkasta. Og kommunen sit att med ei rekning som er om lag like stor som det kostar å byggja eit moderne fotball- og friidrettsanlegg ved Kreklingen stadion. Held fram Balestrand kommunestyre vedtok på desembermøtet å vidareføra arbeidet med detaljprosjektering av nye Balestrand helsetun med 26 sjukeheimsplassar og 4 omsorgsbustader i bufellesskap, trass i at det er stor uvisse knytt til statleg tilskot. Hadde me stogga prosjektet no, måtte me ha betalt ei erstatning til arkitektar og andre som er involvert i planlegginga. Truleg ville det har ført til ein kostnad på mellom ein halv og ein million kroner, seier rådmann i Balestrand kommune, Vidar Roseth. I kommunestyret gav KrF uttrykk for at tida no er inne for å hoppa av hesten.