Løyve til opprusting og utviding av Holsfossen kraftverk

NVE gjev Eidsiva Vannkraft AS løyve til opprusting og utviding av Holsfossen kraftverk i Gausdal kommune i Oppland. Oppgraderinga vil gje ein betre optimalisering av eksisterande kraftverk og ein auke i kraftproduksjonen frå 2,9 til 9,8 GWh per år.

 

Holsfossen kraftverk ligg i Holsfossen i det verna Gausavassdraget. Planane inneber ingen nye inngrep, men auka slukeevne. Planane vil ikkje få følgjer for vernegrunnlaget i Gausa.

I totalvurderinga har NVE lagt stor vekt på at ein opprusting og utviding gjev fornybar energi gjennom ein betre utnytting av eit allereie utbygd fall. Tiltaket gjer det også mogleg å fastsette vilkår om minstevassføring i Holsfossen. Dette vil verke positivt for Mjøsauren som gyter i Gausa.

Eit negativt element er at det ikkje er mogleg å bevare anlegget som teknisk-industrielt kulturminne ved ein opprusting. Dette kan etter NVEs syn avbøtast ved at anlegget blir tilstrekkeleg historisk dokumentert.

Med dei gjevne avbøtande tiltaka og vilkår meiner NVE at ulempene som følgje av det omsøkte tiltaket er små i høve til nytten av auka kraftproduksjon.