Endeleg oppstart for Solasplitten

Det var ordførar Håkon Rege (H) i Sola kommune som onsdag fekk det ærefulle oppdraget med å ta første spadestikk for Solasplitten.

Håkon Rege var glad for at han endeleg kunne markere at arbeidet med å bygge ny veg frå Forus til Sola er i gang. Første spadestikk vart teke med hjelp av ein god, gammal jærsk gravemaskin frå Brøyt, melder vegvesen.no

– Det er godt å vere i gang, seier prosjektleiar Edvard A. Dahl i Statens vegvesen. Han måtte svare dei frammøtte pressefolka på ordføraren sitt utspel tidlegare i dag, om at vegen bør byggast ut til fire felt.

– Fire felt ligg foreløpig ikkje inne i prosjektet, men det blir lagt til rette for at vegen enkelt kan utvidast seinare, seier Edvard A. Dahl.

Det er jærentreprenør Risa AS som skal bygge Solasplitten. Kontorriggen deira er på plass like ved sida av Statens vegvesen sitt prosjektkontor på Forus. Neste veke startar gravearbeidet med Solasplitten for fullt.

Riksveg 520 Solasplitten er ein ny veg mellom Stavanger lufthavn (Sømmevågen) og E39 nord på Forus. Vegen skal avlaste dagens fylkesveg 510 Nesbuvegen og gi ein god forbindelse mellom Stavanger lufthavn/Risavika og E39.