Kortare veg lågare utslepp

To byggeprosjekt som kortar inn vegen mellom aust og vest med over 30 kilometer, E134 Århus-Gvammen i Telemark (11 km) og rv. 7 Sokna-Ørgenvika i Buskerud (21 km), kan redusere dei årlege CO2-utsleppa med over 20 000 tonn.

Det viser utrekningar gjort under planlegginga av dei to vegprosjekta som skal byggjast dei neste fem-seks åra, og som Statens vegvesen nå presenterer. Næringslivet sine transportkostnadar er utrekna til å bli redusert med nær ein milliard kroner årleg som følgje av vegprosjekta.

For Sokna-Ørgenvika er det rekna ut at samla kjørelengde vert redusert med om lag 20 millionar kilometer. Den nye vegen mellom Ringerike og Krødsherad gjer dette vegprosjektet til eit av dei mest samfunnsnyttige i landet.

Bygginga av ny rv. 7 Sokna-Ørgenvika er venta å starte i 2011 og skal stå ferdig i 2014. E134 Gvammen-Århus mellom Hjartdal og Seljord i Telemark skal etter planen starte i 2012 og stå ferdig i 2016.