Forbod mot låginnskotsburettslag

- For å sikre trygge rammer rundt bustadkjøp og hindre at folk i verste fall vert gjeldsoffer, legg vi ned forbod mot å etablere nye låginnskotsburettslag fra årsskiftet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Burettslag er ein trygg og god eigarmodell som gjev folk mulegheit til eigen bustad. Frå nyåret vert modellen styrkt med nye reglar om at det maksimalt kan vere 75 prosent fellesgjeld når eit nytt burettslag vert stifta, seier Navarsete.

I den kongelege resolusjonen som vart lagt fram 03.09.2011 er det også lovfesta minimumskrav til tilbydarar av sikringsordningar. Krava skal hindre at andre deleigarar får rekninga viss ein av naboane ikkje betaler felleskostnadene sine. Kommunal- og regionaldepartementet utarbeider no forskrifter om innhaldet i sikringsordningane. Dei vil byggje på framlegga frå eit offentleg utval som la fram NOU 2009:17.

-Eg vonar ei slik lovfesting vil gjere at fleire aktørar kjem på banen for å tilby sikringsordningar til burettslaga, seier Navarsete.

-Vi forbyr dessutan såkalla ”spekulasjonskjøp”. Det inneber mellom anna at eigedomsselskap med spekulasjonsføremål ikkje kan kjøpe burettslagsbustader frå utbyggjar før burettslaget er stifta, seier Navarsete.

Samstundes kjem det nye reglar som gjev kjøparane presise opplysningar om totalprisen på bustaden.