Startar bygging av ny Orre bru

Fv. 507 blir stengt ved Orre bru frå onsdag 1. september fordi det skal byggast ny bru over Orreåna. Bygginga skal vere ferdig 30. desember.

– Vi skal bygge ei heilt ny bru, for den gamle brua er i svært dårleg forfatning, seier Dag Fanebust, byggeleiar i Statens vegvesen.

– Det er både sviktande grunn og dårleg armering på dagens Orre bru som er bygd i 1952. Det er billegare å bygge ny enn å rehabilitere brua, seier Fanebust.

Den gamle brua blir fjerna, noko som gjer at køyretøy ikkje kan passera Orre bru i byggeperioden.

– Det blir likevel laga ei løysing for at fotgjengarar og syklistar skal kunne passere, og ein midlertidig gang- og sykkelveg blir skilta, seier Fanebust.

I samband med bygging av ny bru blir det lagt til rette for ei framtidig bygging av gang- og sykkelveg over brua.

Omkøyring gjennom fv. 510 på Klepp og på fv. 44.

Entreprenøren som skal bygge ny Orre bru er Mesta AS.